Premium spekevarer
Rask levering
Fri frakt over 800,-
Til kassen
Totalt: 0

Logg inn

Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
TOTALT 0,00

Norsk handtverk

 

SMAKEN AV EIN OVER HUNDRE ÅR GAMMAL PRODUKSJONSHISTORIE

TIND er historia om familien Ringstad, og nok staheit til å bygge opp landets aller største spekematfabrikk.

Etter to generasjoner og nærmare 100 år med vekst, blei Ringstad Pølsefabrikk seld ut av familien.

 

Nye 30 år med skiftande eigarar, reduksjonar i bemanning og strukturendringar, førte til ein dramatisk beskjed 31. mai 2005. Spiskonsernet bestemte at dei skulle legge ned fabrikken.
– Vi sutra i to dagar, så begynte vi å tenke på korleis vi kunne redde bedrifta, seier Rune Lødøen, den gang TIND-sjef.


Innan hausten farga fjellsidene ned mot Stranda i rødt, hadde dei tilsette samla saman 300.000 kroner, og starta sitt eige selskap, som blei til TIND Spekevarer.

Tanken var å produsere spekemat etter eige hjerte, utan å tenke lavast mulig pris. Inspirasjonen var en bærepose full av det beste Norge og Sør-Europa hadde å by på av spekemat. Innsatsen var eigen fagkunnskap og mykje fantasi.

Lam frå fjellbeite, griser frå Jæren, fennikel, rosmarin, karve og marinering. Avlagte akevittønner som spon til røyking. Skinker fekk henge for tørt, for fuktig, for kort og for lenge. Etter ni månader satt «gjengen» på Stranda, igjen med 18 produkt som dei sjølve var stolte av. Med hjelp av tre toppkokker frå Oslo blei utvalet redusert til seks produkt. 

No hadde norske spekepølsetradisjonar fått smak av Sør-Europa. Lammelåra var speka og marinert, slik at kjøtet smelta som smør i munnen, og skinkene var passe søte, utan alt saltet som elles øydelegge så altfor mange norske   spekeskinker.

Da TIND deltok i sitt første NM i Kjøttprodukter i 2006, kunne ikkje dommarane vore meir einige. Dei tildelte den nyetablerte spekematbedrifta gull og sølvmedaljar i alle tolv kategoriar. Kjøtprodukta var ennå ikkje å få andre stadar enn i nokre få lokale matbutikkar. Likevel stakk den ferske spekematprodusenten til slutt av med kveldens gjevast pris: Norgesmester i klassen for spesialprodukt.

 

TIND LIGG OMKRANSA AV DEI VAKRE SUNNMØRSALPANE

Her på Stranda starta Karl J. Ringstad produksjon av spekepølser allereie i 1884. Sidan den gongen har vi bygd opp eit av dei tyngste fagmiljøa i Norge. Å lage god spekemat er eit handverk som krev lang erfaring, og vi er stolte av å føre den arven vidare. Vår lidenskap for mat, basert på Vestlandets rike spekemat-tradisjonar, gir deg produkt med nye og unike smakar.

Sunnmørsalpene i sol

DET TAR TID Å LAGE GOD SPEKEMAT

Når kjøtstykka skal bli til Coppaskinker, er lang modningstid alfa omega.

– Eg har det i hendene, seier Jan Pedersen, og viser korleis han kjenner når en skinke er ferdig modna. Jan har vore med sidan før TIND sin tid, og bruker eigen erfaring og fagkunnskap for å sikre at produkta får modne i rett fuktighet og i tilstrekkeleg lang tid.
Bak han henger marinerte lammelår. I løpet av modningsprosessen har heile 40 prosent av vekta forsvunne. Det er då den unike smaken og det lave saltinnhaldet trer fram. Slik produksjon kostar, men gir fantastiske produkt, som vi no kan tilby til alle i heile Norge som sett pris på ekstra god spekemat og godt norsk handtverk.

DET SÆREIGNE MED PRODUKTA FRÅ TIND

Vår rettesnor når vi lagar spekemat, er å bruke så lite salt som mulig for å få fram dei aromatiske smakane. Vi ønskjer å la kjøtsmaken, kryddene, urtene og modninga få lov til å spele opp for å lage eit spennande og harmonisk smaksbilde. Dette har resultert i eit variert utval av spennande kvalitetsprodukt som folk skal kunne vere stolte av å servere. Vi håper dei fell i smak!

TIND SKAPER MATGLEDE

I 2016 blei TIND ein del av Grilstad konsernet – Norges leiande spesialist på spekevarer. Med TIND ønskjer vi å skape matglede ved å tilby norske spesialitetar med unike smakar, og dei ønskjer vi skal være tilgjengelege for alle i hele landet.

 
Bilde av Coppaskinke Vellagra 80g
Bilde av Speka Pølse Skogssopp 220g
Viser 1 til 3 (av 3 produkter)