Eg er hos Svein Gjørva (53) og Kristin Bakken (47) i Pe-garden på Gjørva. Dei sit inne med mykje kunnskap og Kristin kjenner soga til garden like godt som odelsguten Svein. Eg får heile tida innspel frå dei begge og interessant vert det!
Svein er 8. generasjon i familien.
- Ja, stamtavla går tilbake til 1740 i rett nedattstigande line, ler Svein.
Bruket har vore i familien sidan då.
Verdsarvstaus
Gjørvatunet ligg ned mot den vidkjende Geirangerfjorden som no òg har fått verdsarvstatus på line med underverk som Victoriafalla, Den kinesiske muren og Pyramidane i Egypt.
Jorda på stordelen av bømarka er gamal sjøgrunn og er særs grøderik. Husa på garden ligg tett i eit klyngetun og står opp mot det som har vore ein bratt marebakke. Dei gamle bygde dei slik av røynsle. Flyttar ein husa berre litt, kjem dei under fonnfare!
Namnet Gjørva er truleg ei avleiing av ’-vin’, Geirvin.
Historikk
- Gjørvagardane er av dei eldste i Geiranger og her er 4 bruk. Dei er som ein seier på lokalspråket: Lars-garden, Steffå-garden, Ola-garden og Pe-garden.
No er det berre vi som driv og vi kjøpte Larsgarden som tillegsbruk i 1989.
Vi slår no på alle fire bruka. Det er kjekt å drive med dyr.
Gjørvatunet brann i 1833
Det gamle Gjørvatunet brann, romjula 1883. På den tida var det vegbyggjing over Geirangerfjellet til Grotli og Austlandet (1881-1889) og over 100 svenske arbeidarar overvintra i bygda. Dei låg i løene omkring. Så hende det seg at ein velta ein parafinlampe i ei av løene her på Gjørva.
Det var ein meter høg, våt snø som avgrensa skadene og det vart sett opp bøttegjengar frå elva. Mykje folk kom til som berga mykje. Låveveggen på Pe-løa vart dytta inn i løa for ikkje å falle inn på det gamle Larshuset! Det gjekk ein del stabbur og mindre hus. Driftsbygningane, Steffå-løa og Pe-løa brann ned.
Så det vart mykje å ta tak i etter brannen, seier Svein.
Gamleskulen
- Den første skulen i Geiranger stod på oppsida av Pe-huset som vi sit i no. Bestefar min gjekk der. Han hadde ikkje lange skulevegen! Då eg skulle grave bak huset, kom eg ned på steinsett grunn, truleg ei grue. Så det tyder på busetnad frå gamal tid.
Dramatikk i fjellet
- Vi har ei gamal messingrifle frå 1630. Ja, far min har ’skøte’ med ho, seier Svein.
Ho har vore her på garden, så lenge ein kan minnast. Det hadde vore samanstøyt med Skjåkværingane oppe i fjella mot Skjåk. Jegerar frå Geiranger hadde skote tamrein noko som ’Skjåkingane’ ville hemne. Dei kom i flokk og godt væpna og slo leir i fjellet. Dei hadde med seg godt med sterk drykke og serverte seg rikeleg. Jegerane frå Geiranger følgde med og då ’Skjåkingane’ hadde sovna, tok Geirangerfolket frå dei våpna. - Og Skjåkværingane drog då heim. Den eine børsa frå den gongen er denne og ho får henge på veggen her, seier Svein.
Dyrehald
Siste året hadde vi 40 mordyr som ga 72 lam, då hadde vi totalt 110 dyr. Så har vi dei siste åra hatt 5-6 ammekyr, no er det òg 6 kalvar. Kalvane syg den mjølka som vert produsert.
Meir som hobby har vi 2 ponniar. Dei beitar godt, like bra som geit og går mest på gras og urter. Geita tek alt. Kombinasjonen sau, geit, ku og hest er det fine. Dei et ’kvart sitt’, seier Svein.
Fjellbeite – tangbelte ved fjorden og kulturlandskapet
Sauene følgjer snøsmeltinga heilt oppetter til høgfjellet og et slik stadig nye og friske vekstar. Det er ikkje så lite urter i fjellet. Her på garden opp i lia ved ’Lauvhelljen’ fann botanikarane heile 46 ulike urter! Vi slepp dei på utmarka her og så sankar vi dei og tek dei til høgfjellet.
3 gonger sankar vi sauene. Til slutt går dei tangbeltet. Dei går rett til tangfeltet, til saltet.
Så dei går frå sjøkanten heilt opp til 1700 meter. Dei plukkar det dei vil ha.
Ein kan seie at beitet går frå den salte tangen ved sjøen til det vesle ’musøret’ i høgfjellet, til det minste definerte treet i landet.
Eit variert dyrehald og hogst var naudsynleg i gamle dagar, både når det gjaldt mat og varme og det har gjeve oss det vi i dag kallar kulturlandskapet. No etter to år, har det grott opp bjørkerenningar på ’Heiane’ etter at Ørjasæterkyrne forsvann.
Det var og mykje meir vedhogst før og veden vart sjølvsagt òg nytta til matlaging heile året og ysting om somrane.
Arven
- Det var nok arv og ei viss pliktkjensle som gjorde at eg kom att til Gjørva. Eg kom tilbake til Gjørva i 1984 og tok over 1987. Far var sliten, men det var ikkje noko press frå far. Eg har hatt arbeid ved sida av, men det vert litt tungt i lengda. Kristin har drive med regnskap, landbruksrekneskap. Ho er utdanna rekneskapsførar. Eg er rådgjevar i Tine, seier Svein. – Eg er i rådgjevingstenesta.
Attåtnæring/Turisme
Vi har bygd nokre turisthytter. 2007 ser ut til å bli eit bra år for utleigehyttene. Vi bygde hyttene i 1994 og turistsesongen varer i 3 månader.
Framtida
Vi bur i det rikaste landet i verda, men mat skal ikkje koste noko. Det må ein betydeleg økonomisk oppsving til for at småskala-landbruket skal overleve. Etter Kristin og meg trur eg knapt nokon vil overta. Vi har to døtre og ein son. Så vi fryktar vi vert dei siste bøndene på Gjørva.
Arild Flydal
|