| OM OSS | PRODUKTER | VERDSARVOMRÅDET | UTSALGSSTEDER | KONTAKT | PRESSE | ENGLISH | |
![]() |
I
verdsarvsområdet aler ein opp dyra på same måten som før. Der er få dyr på kvar
gard, mykje må gjerast for hand, og ein ser framleis hesjar i dei brattaste
skråningane. Frå dyra er 2-3 veker gamle, beiter dei berre i naturen. Dei går frå tangbeltet i fjøra og heilt opp til dei høgaste toppane på 1700 meter. Ofte fyljer dei snøkanten, og forsyner seg av dei nye spirene . Dei beiter og i spora etter snøskred, der det veks opp eit mangfald av urter. Vi trur dette er med på å gje den gode smaken.
|