OM OSS PRODUKTER VERDSARVOMRÅDET UTSALGSSTEDER KONTAKT PRESSE    ENGLISH
 INTERVJU MED GARDBRUKARANE      DYRA I VERDSAVROMRÅDET  KART    

LIDENSKAP FOR MAT SIDEN 1884
Gunhild og Lars-Petter Tafjord
Sylvfestgarden og Arnegarden, Gnr 37, bnr. 2 og 3
Tafjord, Norddal kommune
Gunhild Tafjord (43) og broren Lars-Petter Tafjord (46) driv dei to gardane saman.
Opphavleg var det eitt bruk frå tida før 1800, så to frittståande bruk, men drivne under eitt sidan 1955.
Dei har begge gått landbruksskulen og er utdanna agronomar.
Dei lærde òg mykje av foreldra sine.

Tafjorden
Eg kjem til Tafjorden og møter ute i garden ’gamlefar’ sjølv, 88 år gamle Arne Tafjord. Sonen Lars-Petter er på veg opp til Muldalen for å møte og hjelpe naboen Alf Erling Dalen som er på veg ned frå Tafjordsetra med sauer som er sanka. Han har vore heilt oppe ovanfor Tafjordsetrane oppe i Kilebotn, langt ovanfor skoggrensa, heilt oppe i 11-1200m høgd under Neskopptindane. Det er ulendt og bratt oppe i verdsarvområdet!

Gjestfridom og tradisjon
Eg får med ein gong servert heimelaga flatbrød og rein hjortemør av ho mor sjølv, Olaug Kjersti (77) og fårepølse med litt hjort blanda i! Så kjem ein mugge Victoria plommesaft på bordet…
- Dette lagar vi kvar haust, seier Gunhild. Dette kan ho!
Pinnekjøtet kokar vi litt først og så steikjer vi det på open eld og grue. Alle i slekta får opplæring. På verdsarvopninga steikte vi ute på tunet. Det gjekk unna elleve heile sider til folk som kom forbi. Her var fullt av folk som fekk sjå korleis det gjekk føre seg. Til og med eldre hadde ikkje sett dette før. Dei vart ståande å sjå på!
Vi har prøvd å halde på gamle oppskrifter og lagar spekemat og julemat og bakar flatbrød. Det er bra med fisk i fjorden, fulle garn, så fiskemat har vi heile året.
Lars-Petter og systera Gunhild kjem inn. Sauene er vel i hamn.

Verdsarvområdet – og fjellbeite
Gardane ligg i verdsarvområdet og sauene beiter i dette området.
- Sauene våre går mest på fjellbeite og ikkje skogsbeite, seier Arne. Dei går heilt oppe i øvre Reindalen og Djupedalen. Fjellbeite gjev fin slakt og kjempefine vekter. Sauene er tettbygde. Vi har prøvt å byggje opp norsk kvitsau.
Lars-Petter var ofte langt oppe i fjellet på sauesanking, men ryggen streika etter kvart og no må han hjelpe til på anna vis.

Spesielt jordsmonn
Det er eit heilt spesielt jordsmonn i bygda. Jorda er rik på kalium og magnesium som ligg i olivinen. Vi treng ikkje kalke her! Jordprøvene syner ein høg pH på 6 i surheitsgrad som er bra, om ikkje nett for potetene!

Sauebonde - og ’frøstmålar’
No satsar dei berre på sau. Dei har om lag 60 sauer medrekna ungdyra. Dei slaktar litt heime til eigen bruk, elles leverer dei til Tind. Ein kan førebels ikkje leve av sau åleine og dei må ha noko anna å gjere ved sidan av.
Lars-Petter har vore mykje heimanfrå. Gunhild har vore oppteken med butikk i Tafjorden og er også vêrobservatør.
– Ja, dei kallar meg ’frøstmålar’, ler Gunhild. Tafjord har meteorologisk stasjon og 4 gonger i døgnet må ho melde inn.

Tafjordulukka
Natt til laurdag 7. april 1934 braka det laus oppe i fjellet i Tafjorden, då Langhammaren losna og reiv med seg Heggurda. Dei opp til 64 meter høge bølgjene sopa med seg alt som kom i vegen og 40 menneske miste livet i Tafjord og Fjørå.
- Eg var 14 år då, seier Arne. Vi hadde garn ute, men eg var nok ikkje ute og såg etter dei etterpå! Båra gjekk i sikksakk over fjorden. Hadde ho gått rett på så hadde fleire av nedstegardane gått. Eg vart vekt i tretida. Dei trudde det var storm, men så var det blikkstilt, då dei kom ut på trappa. Eg var med nedover mot fjorden og møtte vrakgods, rusk og rask. Der låg motoren til ei skøyte. Vi tenkte ikkje så mykje, såg betre når det vart lyst. Då synte det seg at flodmålet gjekk heilt opp til gardstunet, men vi var berga.

Framtida
- Det vert sauer framover, seier dei to unge. Mykje må endre seg i høve mjølkeproduksjon skal det løne seg. Det vert òg truleg meir samanslåing og samdrift. Vi kan klare opp til 150 dyr då.
Vi har alltid likt dyr og det å vere sin eigen herre.
Vi har òg to sauehundar. Dei er til god hjelp med å passe sauene.
Vi bryr oss om dyra og ynskjer å halde gardane i hevd.
Cecilie (10 år) har lytta interessert på samtalen. – Ja, ho har alt vore på lamminga. Ho er flink med dyra, seier dei vaksne.


Arild Flydal