OM OSS PRODUKTER VERDSARVOMRÅDET UTSALGSSTEDER KONTAKT PRESSE    ENGLISH
 INTERVJU MED GARDBRUKARANE      DYRA I VERDSAVROMRÅDET  KART    

LIDENSKAP FOR MAT SIDEN 1884
Alf Erling Dahlen, drivar av to bruk:
(27.09.08): Intervju med Kirsten (76 år) og Per Jostein (78) Tafjord,
Pegarden. Gnr.37, bnr. 5, Tafjord, Norddal kommune
Olagarden, gnr. 37, bnr. 7, Tafjord, Norddal kommune

Pegarden
Eg møter Kirsten (76 år) og Per Jostein (78) Tafjord heime på Pegarden. – Vi bur no i eit nytt hus, bygd på murane til det gamle. Nyhuset stod klart i 1970. Gamleløa ser du der ute i tunet.
Fargar-Ivar frå Norddalen hadde dette bruket. Etter kvart tok to ungkarar over, Severin og Nils. Ivar var farbror deira. For dei to ungkarane var det spennande. Dei hadde tenestetauser i den tid, men dei vart ikkje gifte, smiler Per. Eg kjøpte så garden av dei to i 1972.

Alf Erling Dalen, drivar
- Det er Alf Erling som no driv Pegarden for oss. Det ligg stor innsats bak arbeidet hans.
Alf Erling kallar seg drivar av to gardsbruk, Pegarden og Olagarden. Han kom til Tafjord i 1997 og er familiemann og 43 år gamal.
- Eg har vore vaktmeister i 10 år for barnehage og skule i Valldal. Eg slår på 6 bruk og meir til. Eg har nok fôr, men det er mest for å halde skogen unna. Eg har knapt 30 sauer på kvart av dei to bruka.
Eg nemner godorda frå Lars-Petter på nabobruket, noko Alf Erling ikkje utan vidare godtek, men han må vedgå at det har gått med nokre timar oppe i fjellet på sauesanking.
- Dyra er spreidde utover og det vert nokre mil å leggje bak seg. Det har så langt vore 11 lange dagsmarsjar, men eg vantar framleis 3 lam. No er det jakttid og eg kan få god hjelp der av jegerar som ser. Elles må eg vente litt til lauvet går; det er ikkje lett å finne dei i fjellverda.
Eg bryr meg om dyr, men det vert lange økter. Eg trivst her i Tafjord. Kan hende er samdrift framtida.

Tafjord
I Tafjord er det 70-80 fastbuande. Skulen er nedlagt, så ungane må til Valldal.
Før var det skuleklassar til og med på Kaldhussetra. Ein gutunge som gjekk på skulen – han var vel 10-12 år, hadde ikkje skrive stilen som skulle leverast. Han fekk ikkje tid, sa han.
- Bestefar sa at eg måtte vere med i slåtten!

Tafjord kraft – og attåtnæring
Per Tafjord arbeidde i Tafjord kraft frå 1950. Han var mykje på anlegg, men vart overflytta til Tafjord kraft etter kvart og vart lineoppmann. Det var før den store utbygginga.
- Eg har vore med og bygt 4 kraftstasjonar, seier Per. Eg hadde ansvaret for kraftlina, heile døgnet, så eg vart veldig bunden til arbeidet. Det var å rykkje ut ved linebrot, skapt av naturen.
Garden vart då attåtarbeid. Eg tok på meg altfor mykje arbeid. Skulle aldri ha gjort det! Vi hadde ei enkel slåmaskin og ein tohjulstraktor i byrjinga. Fekk meg 4-hjuls seinare. Kirsten og eg fekk etter kvart 6 born. Det var å slå ’overalt’, på tidlegare husmannsplassar og der det var hus og hagar, og på Tafjord kraft sin eigedom, der dei hadde rydda for stein. Så det vart ei bot her og ei der.
Dei hadde 6 mjølkekyr og 10 sauer. Hadde ikkje plass til fleire. Det var mjølka dei tente på. Dei gjorde fjøsarbeidet begge to. Det var ikkje ferie den gongen og gardsarbeidet tok Per etter arbeidet på kraftstasjonen.
- Ja, det var travelt, seier Kirsten. Mest ikkje tid til å prate.
Kirsten er frå Stryn. Ho arbeidde på fabrikken i Eidsdal. – Eg gjekk over til Geiranger ved fleire høve, før vegen var der. Det var eit bra stykkje å gå.
- Vi var ikkje ’omakslause’, smiler Per. Vi ungdomane bar syklane frå Kaldhusssetra til Hamsevika ved Grotli. Det er vel ei 5-6 mil og så sykla vi vidare til Skjåk, rundt til Åndalsnes og så over Trollstigen!

Fjellheimen – og god jordsmonn på heimebøen
Det hende at dyr vart borte i fjellheimen. Gjekk milevis og leitte etter tre kalvar ein gong, oppe ved Tafjordsetra. Fann dei diverre ikkje att. Ja, oppe i Reindalen har eg trakka mykje. Det er opp i 6-700m høgd.
Her frå garden måtte vi jage dyra over hammaren der borte og opp i Muldalen eller ro dei rundt.
Det var mykje heimeslakt den gongen, men vi sende også dyra til slakteriet. Vi brukte meir kjøt heime på garden før, tørka og salta. Dyra gjekk også på heimebøen. Her er veldig god jordsmonn. Det ligg olivin i grunnen. Så det vart god kvalitet på kjøtet.
Vi kunne selje noko kjøt, men helst berre levere til slekt og vener. Vi tenkte ikkje alltid så mykje på betaling. Vi var vel for snille.

Dramatikk – og villsau
Ved eit høve vart ei gruppe menn på sauesanking overraska av tett skodde som kom på dei der oppe i fjella. Dei trudde seg bra kjende og på retninga, men etter mykje strev og gange, så fann dei ut at dei med eitt var attende på same plassen. Dei hadde rett og slett gått rundt ei tjønn!
Før slepte dei berre sauene over elva her nede og så fór sauen til fjells opp i Reindalen og dei såg dei ikkje att før til hausten. Då var dei meir som villsauer å rekne. Dei bles mot sankarane på fleire hundre meter!

Tradisjon
- Der eg kjem frå i Stryn var det mykje heimelaga mat, seier Kirsten. Vi hadde visse reglar å gå etter. Så då vart det ein kombinasjon av Stryne- og Tafjordoppskrift på julesteika. Ho vart steikt over open varme ute. Vi held enno på denne tradisjonen. Borna er òg med. Først då er det julafta, tykkjer dei.
Historie tilbake til vikingtida
- Det er funne ei kvinnegrav frå vikingtida. Der fann ein òg mellom anna ei vevskei, ei langskafta, rund steikepanne, ei irsk spenne og ovale bronsespenner til å feste drakta med.
I 1884 fann ei neit irsk bronsebeslag, kniv og saks. Her har vore busetnad iallfall tilbake til 900-talet.